Velkommen
Styret
Om koret
 
Dirigent
Historie
Medlemsliste
Aktivitetar
Billedalbum
Diverse
Lenker


     

Historie


Koret sin første Formann:
Sigurd Zakariassen (1887 - 1961)

Koret sin første dirigent:
John Sääv (1904 - 1988)

Koret vart stifta 3.juni 1931 og kunne i 2011 feira 80-års jubileum.
Som namnet tilseier var medlemene den første tida frå tettstaden Dale. I dag kjem dei 29 medlemene frå ulike stader i Vaksdal kommune.
Song og musikk har engasjert mange lokalt gjennom tidene, og Dale Mannskor har vore ein berebjelke i kulturlivet i kommunen heilt sidan oppstarten.
Stor aktivitet og høg kvalitet har gjort dalekoret til ein viktig ambassadør for kor-songen langt ut over kommunegrensene.
Koret har eit rikhaldig "fest-repertoar" av lettare songar, bordviser og drikkeviser, som gjer at det kan skapa stemning og underhaldning når songarar møtest.
Men aktivitetsnivået er nok mykje vidare enn dette.
Dale Mannskor nyttar ofte karakteristikken "frå børs til katedral" om det allsidige repertoaret som inneheld profan-musikk og kyrkje-musikk frå ulike tidsepokar og varierande stilartar. Nettopp mangfaldet i musikkutvalet gjer at koret kan ta del med song i svært ulike arrangement, og slik har det også vore gjennom den siste mannsalderen både lokalt i eigen kommune, regionalt, på landsplan og i utlandet.
Koret reiser mykje, og har halde konsertar m.a. i St. Paul katedralen i London, Kølner-domenNotre Dame og Sacre Ceur i Paris, St.Vitus-katedralen i Praha, Mathias-katedralen i Budapest, Tempelkyrkjan i Helsinki, Domkyrkja i Tallinn, St.Peterskyrkja i Riga, St. Katarzyna-katedralen i Krakow, St. Johannes-katedralen i Warszawa, framføre Den Sorte Madonna i Jasna-Gora-klosteret i Czestochowa i Polen og den største hendelsen i Dale Mannskor si historie, song under "heilag messe" i Peterskyrkja i Vatikanstaten i Italia, september 2009.           

I jubileumsåret 2011 var koret på jubileumstur til Barcelona og Catalonia. Koret hadde fem offisielle opptreden. Koret deltok blant under  messe i hovudkatedralen i Barcelona og Girona, men den største opplevinga var opplevinga i klosteret i Montserrat framføre vel 2000 menneske. I 2013 var koret på tur til Lisboa. Koret hadde to ofisielle framføringar i to flotte katedralar. I 2015 står Italia for tur igjen!


Dale Mannskor har teke del i ei rekkje kor-konkurransar.

Internasjonalt i Llangollen i Wales, på landsplan gjennom NRK og Korforbundet, og dessutan i dei fleste "Syng for oss"-konkurransane som Norges Korforbund Hordaland har arrangert.
Sist våren 2004 der koret kom på 2.plass i klasse A for mannskor.

I perioden 1999 til 2001 hadde koret eit samarbeidsprosjekt med den kjende korpedagogen Thomas Caplin, med hovudfokus på korutvikling.

Dale Mannskor har stått som vertskap for fleire songarstemner gjennom åra. I samband med 75-års jubileet i 2006 vart det arrangert stort stemne på Dale på vegne av Norges Korforbund Hordaland.

Koret fekk i 1981 spelt inn musikk-kasetten "Dale Mannskor i alvor og skjemt" og CD-plata "frå børs til katedral" i 2001.

I forbindelse med 75-års i jubileet i 2006 vart jubileumsboka, "Me fylles av jublande song" gitt ut.
Dale Mannskor sin faste dirigent er Lars Ragnvaldsen. Gjennom 39 år har han hatt ei sikker hand om koret, både som inspirator og som ansvarleg for den musikalske utviklinga. Under hans leiing har Dale Mannskor teke nye utfordringar, og som amatørkor halde eit høgt nivå.

Under følgjer link til avisomtale frå lokalaviser i Vaksdal kommune frå 1952 til 2004.
(Direkte avskrift frå Bruvik, Bygda Vår, VaksdalNytt og VaksdalPosten.

 PS: Under utarbeiding.
 

 

Sjå bilete i fotoalbum

 

 

 

 

 
 
        Rediger